Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av lokalsamfunnet som ramme og utgangspunkt for handling/entreprenørskap. Nettverks- og relasjonsbygging er vektlagt.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i prosjektutvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Modul I:

  • Innføring akademisk tenking og metode : 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid I: 15 stp

Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av lokalsamfunnet som ramme og utgangspunkt for handling/entreprenørskap. Nettverks- og relasjonsbygging er vektlagt.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i prosjektutvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Modul II:

  • Prosjektutvikling: 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid II: 15 stp

Framtida sin matproduksjon må byggja på naturen sine eigne produktive krefter. Det utrulege økosystemet i matjorda representerer ein utruleg ressurs for nyskaping innanfor landbruk og bygdenæringar. Den nye kunnskapen om molda utfordrar etablerte «sanningar» om at større og større driftseiningar er einaste farbare veg framover.

I kurset Regenerativt landbruk utforskar me dette utviklingspotensialet, og potensiala det gir både for ny næringsutvikling i landbruket og for lokalsamfunnsutvikling. Me tek opp samspelet mellom menneske og dei mangfelte naturressursane i landbrukslandskapet, og går inn på alt frå konkrete driftsteknikkar for å støtta opp under og fremja naturmangfald til heilskapleg planlegging og forvalting samt nyskapande forretningsmodellar som er særleg tilpassa småskala naturnær drift.

Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet. Landskap er våre naturlege omgivnader, men dei er også sosiale og kulturelle. Landskap utgjer rom for nyskaping, utvikling og samarbeid, men også bakteppe for til dels alvorlege ressurs- og interessekonfliktar. Kva gjer me når ulike interesser konkurrerer om dei same ressursane?

I denne modulen går me inn i (kultur)landskapet som ressurs for nyskaping og utvikling, og me utforskar nye utfordringar og potensial i møtet mellom det rurale produksjonslandskapet og det urbane opplevingslandskapet.

Bruk-og-kast-samfunnet fører til store miljø- og klimaproblem. Enorme sosiale skilnader kjem i tillegg. Tida er overmoden for å utforske alternative økonomiske modellar.

I dette kurset vil ein læra å sjå verdipotensialet i sirkulær økonomi. Studentane blir utfordra på korleis ein kan skape verdiar basert på gjenbruk av og nyskaping rundt eksisterande ressursar. Samspel med naturen sine produktive krefter er eit sentralt mål.

Kurset Nyskaping og utviklingsarbeid handlar om å skapa verdiar – sosiale, kulturelle og økonomiske. Det handlar om:

  • Det skapande mennesket
  • Livskvalitet
  • Kreativitet
  • Ressursidentifikasjon og ressursutvikling
  • Natur- og kulturbasert næringsutvikling
  • Entreprenørskap
  • Stadutvikling
  • Samskaping og nettverksskaping
  • Lokalt/regionalt særpreg – og korleis utnytta dette
  • Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar.

Det er nye idear og satsingar som skaper framtida. Gjennom årsstudiet Nyskaping og utviklingsarbeid lærer du å verkeleggjera idear og å sjå med nye auge på dine eigne omgivnader: Kan me bruka ressursane våre på nye måtar? Kan eg utvikla verksemda mi vidare? Eller kanskje ønskjer eg å starta ny verksemd basert på garden/staden sine særpreg? Korleis mobilisera for gode idear og livskraftige lokalsamfunn?

Faget har relevans for alle som arbeider med utvikling, både i næring, kultur- og organisasjonsliv og i offentleg sektor.